Sagn og eventyr

I ytste enden a Norefjoren er tvo djupe rivjur i fjellet paa baae sidur, som blie kalla Jutulgjenga.

Gamle folk fortel denne segni:

Jutulen i Gaustadfjell hadde vorti usams med kjerringi si. Og ho var den sterkaste, og fysst so gav ho mannen sin dugeleg juling, og sea so kasta 'o 'n ut or fjelle. Han var reint fraa seg av sinne yvi denne medferdi, som vente kunne vera, vassa beint yvi Tinnsjø og la i veg yvi fjelle til Numedal. Daa'n kom uppaa høgdi, vilde han hoppe yvi på hi sida, men sprange var drjugt, og han datt nedatt midt i dalen. Der'n kom ned, gjekk det store rivjur i fjelle; dei er sea kalla Jutul- gjenga.

Etterpaa freista'n aa hoppe yvi Skagsaasen, men det gjekk ikkje likare daa, for han vart standane med ein fot paa kvar side av aasen. Der foten hans kom nedpaa i Verjedalen, vart det ei stor rivju i fjelle. Og paa austsida, av aasen gjekk det ut eit stort stykke av fjelle for foten hans. Her vart det sea rudt ein husmannsplass, som heitte Trollskard.

«Tinnsjø e jamenn den 'jupaste dipil'n e ha' vaassaa, for der sto' vatne me' mest te øyro» sa jutulen, daa'n fortalde um denna ferdi si.

(Flatin)